imoreweb2.png
  iMøre på Facebook
 
Tips oss 7000 9090
ANNONSE
sjaa_video.jpg
I jobbsamanheng har Bjørn Holum tent over åtte år i kulturkommunen Ørsta – som kulturhusleiar. Men i fjor vart han kalla tilbake til heimekommunen for å leie arbeidet med å skape innhald i det nye konserthuset og kinoen i Fosnavåg sentrum.

AlleKultur

Lettar på sløret om opninga av konserthuset

Mannen som skal syte for at å fylle det nye Fosnavåg konserthus og skape liv og røre i sentrum, Bjørn Holum, har no letta litt på sløret med tanke på programmet til opninga i oktober.

Kringkastingsorkesteret (KORK) og Magne Furuholmen med gruppa Apparatjik er mellom rosinene i pølsa under konserthusopninga i slutten av oktober.

- Å få opne eit konserthus er ikkje berre ei stor hending i Fosnavåg, men i heile landet. Det er veldig viktig for oss å få vere med på dette, sa orkestersjef Rolf Lennart Stensø i KORK til Vestlandsnytt under ein pressekonferanse førre veke.
Både KORK og Apparatjik vil by på musikk som er inspirert av Herøy og Fosnavåg.

Skape innhald
I jobbsamanheng har Bjørn Holum tent over åtte år i kulturkommunen Ørsta – som kulturhusleiar. Men i fjor vart han kalla tilbake til heimekommunen for å leie arbeidet med å skape innhald i det nye konserthuset og kinoen i Fosnavåg sentrum. Mykje av fokuset har vore retta mot kvaliteten på lyd, akustikk og fasilitetar elles. Holum lovar eit storslått arrangement under opninga i 23. og 24. oktober. Men arrangementsleiaren fortel at det vil vere arrangement i konserthuset alt frå 3. oktober. Då blir det show med den kjende kvinnefiguren Margot.

Ser du vidare framover også?
– Det er alt mange lokale grupper som har bestilt det nye huset utover hausten. Vi har også starta arbeidet med våren 2015.

Han lovar at kompaniskapet mellom kommune og eit sjenerøst næringsliv vil syte for at konserthuset får kvalitetar med omsyn til lys, lyd og scene som overgår alle liknande hus i sju prestegjeld og endå lenger ut. Fosnavåg konserthus får mellom anna digital akustikk, der du kan programmere rommet og klangen slik du måtte ønskje. Likevel vil Holum knytte til seg medhjelparar med høg kompetanse på lyd, lys og sceneteknikk.

Så er målet å fylle huset helg etter helg?
– Det blir spennande å sjå kor tett vi kan ha arrangementa. Eg ser for meg at nedslagsfeltet vårt skal bli heile Søre Sunnmøre i tillegg til Ålesund. Det viser seg at folk er villige til å reise til store, gode arrangement. Elles er stikkordet breidde i sjanger og aldersgrupper. Det blir ei utfordring.

|
kokkenroll.jpg
LES MEIR OM KULTUR
Festspel med fleire morsmål
Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft, Marit Eikemo og Unn Røyneland kjem alle til Dei nynorske festspela 23.–26. juni 2016. Dei er i godt lag med festspeldiktar Ruth Lillegraven. Festspela 2016 har morsmål som ein raud tråd gjennom fire fullspekka festivaldagar.– Morsmål er det første talemålet eit menneske lærer, og morsmålet er difor noko alle har eit forhold til. Unn Røyneland skal snakke om morsmålet si rolle i det fleirspråklege samfunnet, og gjennom mange spennande møte med dyktige utøvarar, får vi innblikk i kva morsmålet betyr for oss som enkeltpersonar, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Årets festspelprogram vil gi publikum mange store opplevingar, både gjennom litteratur, musikk og ei større satsing til barn og unge, I år kan du oppleve Festspela på svært mange arenaer, både på tradisjonelle scener og på meir overraskande stader, som til dømes på fotballstadion og i eit par kantiner. Hovudarenaen er Ivar Aasen-tunet, men om lag halvparten av arrangementa vil finne stad rundt om i Ørsta og Volda. Litteratur og morsmål frå fleire vinklar
Årets tema går som ein raud tråd festspeldagane og blir belyst både gjennom litteratur, foredrag og samtalar. Festspeldiktar Ruth Lillegraven er i godt litterært selskap med mellom andre Marit Eikemo, Knut Ødegård og Guri Sørumgård Botheim. Og, har du lurt på korleis det er å omsetje Maria Parrs lokale og kreative kraftuttrykk til eit anna språk, kan omsetjar Guy Puzey gi deg svaret på det. Fleire festsprell for born
I år blir det fleire festsprell for dei yngste, mellom anna med framsyninga «Eg ler meg i hel», basert på Erna Oslands nyaste bok om latter. Christian Wiik Gjerde, mest kjend frå NRKSuper, har debutert som barnebokforfattar og les frå Jakta på firkløveren. På Volda bygdetun blir det familiedag med farging av ull og lesestund med forfattar Anna Folkestad om Unni og Gunni malar. Ruth Lillegraven kjem også og les frå boka Mari og Magnus hos bestemor. Volda stadion er arena for fotballboka Alle mann i forsvar og både på Høgetua og andre barneboktuer i nærområdet blir det høgtlesing under Festspela. Daglege høgdepunkt i Uteamfiet
Kvar kveld blir det store musikalske opplevingar i Uteamfiet i Aasen-tunet. Heine Totland og Gisle Børge Styve opnar torsdag med eit forrykande show og Ingebjørg Bratland held konsert fredag. Laurdag blir det ei spesiell oppleving då Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft entrar scena saman i eit nytt og spennande duoformat. Eriksrud, mest kjend frå D’sound, skriv no på dialekt og vil også syngje nokre songar på tysk, som er hennar morsmål. Festspela blir avslutta med Jovan Pavlovic trio under Aasen-stemnet. – Dei nynorske festspela er femti arrangement på fire dagar med litteratur, musikk, foredrag og samtalar, utstillingar, kurs og seminar, avsluttar Åshild Widerøe. I år blir Festspela arrangert 23.–26. juni og billettar kan tingast allereie no. Heile programmet finn du på festspela.no.
07.04.16 12:19
Morsmålsshow med Heine Totland og Gisle Børge Styve
Torsdag 23. juni byr Heine Totland og Gisle Børge Styve opp til morsmålsshow i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet. Det blir ikkje jonsokbål i tunet, men eit musikalsk festfyrverkeri frå scena på opningskvelden for Dei nynorske festspela.Den populære duoen spelar for fulle hus i heile landet, denne våren også på Latter i Oslo. Påstanden deira er at «musikk er kome for å bli». På Dei nynorske festspela slår dei fast at «morsmål er kome for å bli» og lovar ein konsert utanom det vanlege. – Dette blir ein frisk konsert med to av landets beste musikalske underhaldarar, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet. Gisle Børge Styve frå Førde er mest kjend som den eine pianisten i NRK-programmet «Beat for beat». Han har også i ei årrekkje turnert med eigen jazztrio og ikkje minst med bømlingen Heine Totland. Totland har bakgrunn frå mannskoret Gli Scapoli, som songar på «Skal vi danse» og dessutan fleire musikaloppsettingar. Han hadde hovudrolla i rockeshowet «The Buddy Holly Concert» og er ein songar med stor spennvidde og repertoar. Billettane er alt lagde ut for sal. Heile programmet for Dei nynorske festspela 2016 blir presentert onsdag 6. april.
31.03.16 12:52
OPEN KULTURSKULEDAG I ULSTEIN!
Førstkomande laurdag, 2.april. 11: 00-13: 00 blir det arrangert Open kulturskuledag ved kulturskulen i Ulstein.Denne dagen er vi her for å vise deg noko av det du kan vere med på ved kulturskulen. Først vil du verte invitert på ein minikonsert i Reitensalen, der du vil få høyre alle instrumenta du sjølv kan prøve rett etter konserten.

Etter konserten er vi å treffe rundt om i kulturskulelokala.
Vi byr på kunstutstilling der du sjølv kan prøve deg på ulike teknikkar, i dansesalen har du høve til å sjå på ein undervisningstime. Og er du i følgje med foreldre eller annen vaksen, får du prøve deg på dei ulike instrumenta.
Korpsa i Ulstein og strykeorkesteret Ytre Strøk vil også vere til stades å presentere seg.
Slepp deg laus i saman med oss, og sjå om du finn noko som passar for nettopp deg!
Og ikkje minst vil du få servert saft, kaffi, kaker og noko anna godt å bite i.

Kulturskulen er ein svært viktig del av born og unge sitt kultur- og oppveksttilbod i Ulstein, og vi ønskjer deg og dine hjerteleg velkomen til Reiten denne dagen.
30.03.16 10:33
Latter Live on Tour
Sidan forrige runde med Latter Live vart ein gedigen suksess i Ørsta så har vi no invitert tre av dei artigaste komikarane vi kunne tenkje ossGustav Nilsen, Fredrik Steen og Halvor Johansson! Denne gongen har vi innhenta skjenkeløyve, og arrangementet har derfor 18 års aldersgrense. Triveleg stemning i foajeen før showet startar. Billettar får du kjøpt via nettsida vår www.orsta.kulturhus.no<http://www.orsta.kulturhus.no> eller i kinokiosken på Ørsta kulturhus.
Trass i sitt ganske så vanlege namn er Gustav særs unik. Hans genuine teft for humor, musikalske parodiar og treffsikre imitasjonar har for lengst plassert han i toppsjiktet i den norske humoreliten.Kanskje såg du han nyleg på NRK-programmet Beat for Beat? Fredrik Steen er ein av veteranane i det norske standup-miljøet og har meir enn 2000 framsyningar bak seg. Han er kjend for sin leikne og særs observante stil, og trivast best med tærne heilt på tuppen av scenekanten. Halvor Johansson er allereie elska av publikum i alle aldrar, trass i hans unge alder og relativt nye rolle i stand up-miljøet. Ein av den nye generasjonen stand up-komikarar ein berre må oppleve!
Velkommen til ein ny runde Latter Live 8. april på Ørsta kulturhus!
Mvh
Janne M.G. Skarstein
700 45 500 / 456 03 170
30.03.16 09:39
Påskejakt med Lurivar
Nokon har tatt brikkene i det nye arkitekturpuslespelet til Lurivar og lagt igjen eit mystisk brev! Måndag, tysdag og onsdag i påskeveka blir det påskejakt i Aasen-tunet.Lurivar og hjelparen hans tek med borna på jakt etter arkitekturdetaljar og dei forsvunne puslespelbrikkene høgt og lågt inne i Aasen-tunet. Det ferdige puslespelet leier til skatten i det store påskeegget. Lurivar og hjelparen blir spelte av Maria Halseth og Synne Marie Lillenes og påskejakta høver for born frå fem år. – Det kan vere lurt å førehandstinge billettar, sidan det er avgrensa plassar per framsyning, seier formidlar Liv Astrid Skåre Langnes i Aasen-tunet. Etter påskejakta blir det påskeverkstad med fargerike og fantasifulle oppgåver. I kafeen kan du kjøpe pannekaker og mykje anna godt. Butikken har eit breitt utval av nynorske barnebøker og gode tilbod.
17.03.16 09:30
Frykt, jubel og trygg ferdsel i påskefjellet
Er du klar for påskefjellet og har lyst på eit par gode råd på vegen? Eller lurer du på kva som driv folk til fjells? Du får svar på begge delar når forfattar Sigri Sandberg og Christer Lundberg Nes frå Friluftsrådet i Ålesund og omland tek turen til Aasen-tunet onsdag 16. mars.Sigri Sandberg har skrive boka Frykt og jubel i Jotunheimen og kjem til Aasen-tunet med forteljingar om folk og fjell frå urtida og fram til no. Du får høyre om moderne fjelltauser, mytiske jotnekvinner og dei første kvinnfolka som klatra i kjoler mot dei kvasse tindane. Det blir jubel og triumfar, men også ulukker, frykt, ambivalens og undring. For kva er det som trekkjer oss til fjells? Forfatteren legg også sjølv ut på tur i boka, og vil ta publikum med oppover mot toppane i eit av dei farlegaste og vakraste fjellområda i Noreg. Christer Lundberg Nes har skrive boka Skikompis, som viser korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Boka er for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping eller går toppturar. Her får du rettleiing i effektivt redningsarbeid, om uhellet er ute, og korleis du skal forstå og nytte skredvarsel. Nes er frå Volda og tilsett i Friluftsrådet for Ålesund og omland, med ansvar for skredkurs og opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. Han er godkjend tindeførar og har brei erfaring frå organisert redning gjennom Norges Røde Kors Hjelpekorps. Nes har mange års erfaring som fjellførar i firmaet SunAlp Mountain Guides. I 2013 fikk han Fjellskikkprisen av Norges Røde Kors Hjelpekorps. Etter programmet blir det sjølvsagt tid til generelt fjellpreik og boksignering. Butikken og kafeen held ope utover kvelden.
15.03.16 09:21
Meir
SISTE NYTT
Festspel med fleire morsmål
Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft, Marit Eikemo og Unn Røyneland kjem alle til Dei nynorske festspela 23.–26. juni 2016. Dei er i godt lag med festspeldiktar Ruth Lillegraven. Festspela 2016 har morsmål som ein raud tråd gjennom fire fullspekka festivaldagar.– Morsmål er det første talemålet eit menneske lærer, og morsmålet er difor noko alle har eit forhold til. Unn Røyneland skal snakke om morsmålet si rolle i det fleirspråklege samfunnet, og gjennom mange spennande møte med dyktige utøvarar, får vi innblikk i kva morsmålet betyr for oss som enkeltpersonar, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Årets festspelprogram vil gi publikum mange store opplevingar, både gjennom litteratur, musikk og ei større satsing til barn og unge, I år kan du oppleve Festspela på svært mange arenaer, både på tradisjonelle scener og på meir overraskande stader, som til dømes på fotballstadion og i eit par kantiner. Hovudarenaen er Ivar Aasen-tunet, men om lag halvparten av arrangementa vil finne stad rundt om i Ørsta og Volda. Litteratur og morsmål frå fleire vinklar
Årets tema går som ein raud tråd festspeldagane og blir belyst både gjennom litteratur, foredrag og samtalar. Festspeldiktar Ruth Lillegraven er i godt litterært selskap med mellom andre Marit Eikemo, Knut Ødegård og Guri Sørumgård Botheim. Og, har du lurt på korleis det er å omsetje Maria Parrs lokale og kreative kraftuttrykk til eit anna språk, kan omsetjar Guy Puzey gi deg svaret på det. Fleire festsprell for born
I år blir det fleire festsprell for dei yngste, mellom anna med framsyninga «Eg ler meg i hel», basert på Erna Oslands nyaste bok om latter. Christian Wiik Gjerde, mest kjend frå NRKSuper, har debutert som barnebokforfattar og les frå Jakta på firkløveren. På Volda bygdetun blir det familiedag med farging av ull og lesestund med forfattar Anna Folkestad om Unni og Gunni malar. Ruth Lillegraven kjem også og les frå boka Mari og Magnus hos bestemor. Volda stadion er arena for fotballboka Alle mann i forsvar og både på Høgetua og andre barneboktuer i nærområdet blir det høgtlesing under Festspela. Daglege høgdepunkt i Uteamfiet
Kvar kveld blir det store musikalske opplevingar i Uteamfiet i Aasen-tunet. Heine Totland og Gisle Børge Styve opnar torsdag med eit forrykande show og Ingebjørg Bratland held konsert fredag. Laurdag blir det ei spesiell oppleving då Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft entrar scena saman i eit nytt og spennande duoformat. Eriksrud, mest kjend frå D’sound, skriv no på dialekt og vil også syngje nokre songar på tysk, som er hennar morsmål. Festspela blir avslutta med Jovan Pavlovic trio under Aasen-stemnet. – Dei nynorske festspela er femti arrangement på fire dagar med litteratur, musikk, foredrag og samtalar, utstillingar, kurs og seminar, avsluttar Åshild Widerøe. I år blir Festspela arrangert 23.–26. juni og billettar kan tingast allereie no. Heile programmet finn du på festspela.no.
07.04.16 12:19
Biblioteka som sentral arena for kultur og samfunnsdebatt
«Det modige bibliotek» er eit av fleire tema når Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal inviterer fylkets biblioteksjefar til to dagars seminar om bibliotekutvikling og korleis biblioteka skal handtere utfordringane dei står ovanfor. Seminaret blir arrangert på Quality Hotel Waterfront i Ålesund 5.-6. april.Det modige bibliotek handlar verken om kontroversielle bøker i samlingane eller om å sleppe til ytterliggåande stemmer på biblioteka. Mot handlar om å ta utfordringar og sjansar, utan å vere sikker på å lykkast. Aslak Sira Myhre, direktør for Nasjonalbiblioteket, er ein av dei som skal halde innlegg om dette temaet.

Visjonar, planlegging, prioritering og gode eksempel står også på programmet. Opninga er ved Møremusikarane, som skal presentere eit utdrag frå sin nye produksjon «Ordspel».

– Vi ser fram til desse dagane, seier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch. Vi håpar variasjonen i programmet vil gi kompetansepåfyll og inspirasjon til deltakarane, seier ho vidare.

Tiltak for å fremme bibliotekutvikling, har dei siste åra vore høgt prioritert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har saman med folkebiblioteka gjennomført fleire felles utviklingsprosjekt innan sektoren. Frå i år har biblioteka også høve til å søkje om arrangementsstøtte frå fylkeskommunen. – Biblioteka er sentrale arenaer for kultur og samfunnsdebatt. Det ønskjer vi å støtte opp om. I biblioteka skal det vere rom for alle, uansett bakgrunn, avsluttar fylkesbiblioteksjefen.
04.04.16 10:52
Morsmålsshow med Heine Totland og Gisle Børge Styve
Torsdag 23. juni byr Heine Totland og Gisle Børge Styve opp til morsmålsshow i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet. Det blir ikkje jonsokbål i tunet, men eit musikalsk festfyrverkeri frå scena på opningskvelden for Dei nynorske festspela.Den populære duoen spelar for fulle hus i heile landet, denne våren også på Latter i Oslo. Påstanden deira er at «musikk er kome for å bli». På Dei nynorske festspela slår dei fast at «morsmål er kome for å bli» og lovar ein konsert utanom det vanlege. – Dette blir ein frisk konsert med to av landets beste musikalske underhaldarar, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet. Gisle Børge Styve frå Førde er mest kjend som den eine pianisten i NRK-programmet «Beat for beat». Han har også i ei årrekkje turnert med eigen jazztrio og ikkje minst med bømlingen Heine Totland. Totland har bakgrunn frå mannskoret Gli Scapoli, som songar på «Skal vi danse» og dessutan fleire musikaloppsettingar. Han hadde hovudrolla i rockeshowet «The Buddy Holly Concert» og er ein songar med stor spennvidde og repertoar. Billettane er alt lagde ut for sal. Heile programmet for Dei nynorske festspela 2016 blir presentert onsdag 6. april.
31.03.16 12:52
Meir
ilovemoreweb.png

 70 00 90 90     |     Postboks 168, 6067 Ulsteinvik     |     post@osberget.no
Ansvarleg redaktør: Åge Grimstad   |   aage@osberget.no   |  453 93 635

iMÓRE skal spegle Søre Sunnmøre. Gjennom daglege oppdateringar skal vi skape eit nettmagasin som er nært, nyttig og begeistrande. Om nokon føler seg råka av urettmessig omtale, vert dei oppfordra om å ta kontakt med redaksjonen. Les meir om retningslinene her.

© Fantastiske Osberget AS - 2016 - Powered by OSBERGET CMS